13. Så segla dei frå Pafos, Paulus og dei som var med han, og kom til Perge i Pamfylia. Der skilde Johannes lag med dei og drog tilbake til Jerusalem.
14. Dei andre drog vidare frå Perge og kom til Antiokia ved Pisidia. På sabbatsdagen gjekk dei inn i synagogen og sette seg.
15. Etter at det var lese frå lova og profetane, sende synagogeforstandarane helsing ned til dei med desse orda: «Brør, har de eit ord som kan vera til oppmuntring for folket, så tal!»
16. Då reiste Paulus seg, gav teikn med handa og sa:«Israelittar og de andre som ottast Gud, høyr på meg!