Apostelgjerningane 11:5-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. «Eg var i Jaffa, og medan eg bad, kom eg i ekstase, og eg hadde eit syn. Eg såg noko koma dalande ned; det såg ut som ein stor duk som vart firt ned frå himmelen etter dei fire hjørna, og det kom heilt ned til meg.

6. Eg såg nøye på det og granska det, og då fekk eg sjå dei firføtte dyra på jorda, dei ville dyra, krypdyra og fuglane under himmelen.

7. Og eg høyrde ei røyst som sa til meg: ‘Stå opp, Peter! Slakt og et!’

8. ‘Det kan eg ikkje, Herre!’ svara eg. ‘Aldri har det kome noko vanheilagt eller ureint i min munn.’

9. Då lydde røysta frå himmelen andre gongen: ‘Det som Gud har sagt er reint, skal ikkje du rekna som ureint.’

10. Dette hende tre gonger, og så vart alt teke opp att til himmelen.

11. I det same stod det tre menn utanfor det huset vi var i. Dei var sende til meg frå Cæsarea.

12. Og Anden sa til meg at eg skulle gå med dei utan å nøla. Desse seks brørne vart òg med, og vi gjekk inn i huset til mannen.

13. Han fortalde oss korleis han hadde sett ein engel som stod i huset hans og sa: ‘Send bod til Jaffa etter Simon med tilnamnet Peter!

14. Han skal tala ord som skal bli til frelse for deg og heile ditt hus.’

15. Eg hadde ikkje før teke til å tala, så fall Den heilage ande på dei liksom på oss i den første tida.

16. Då kom eg i hug Herrens ord, at han sa: ‘Johannes døypte med vatn, men de skal døypast med Den heilage ande.’

17. Når Gud har gjeve dei den same gåva som vi fekk då vi kom til tru på Herren Jesus Kristus, kven er då eg, at eg skulle hindra Gud?»

18. Då dei høyrde det, tagna dei. Og dei lova Gud og sa: «Så har då Gud late heidningane òg få venda om til livet!»

19. Dei som no hadde vorte spreidde omkring på grunn av den forfølginga som tok til med Stefanus, kom heilt til Fønikia, Kypros og Antiokia. Men dei tala ikkje Ordet til andre enn jødar.

Apostelgjerningane 11