Apostelgjerningane 10:5-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Send no folk til Jaffa og hent ein mann som heiter Simon med tilnamnet Peter.

6. Han bur hos garvaren Simon, som har eit hus nedmed sjøen.»

7. Då engelen som tala til han, var faren bort, kalla Kornelius til seg to av tenarane sine og ein gudfryktig soldat, ein av oppassarane.

8. Han fortalde dei kva som hadde hendt, og sende dei så av stad til Jaffa.

Apostelgjerningane 10