Apostelgjerningane 1:15-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Ein gong i desse dagane steig Peter fram mellom syskena. Det var samla om lag hundre og tjue menneske.

16. «Mine sysken», sa han, «det måtte oppfyllast, det skriftordet som Den heilage ande lét David seia om Judas, han som vart vegvisar for dei som greip Jesus.

17. Han var rekna mellom oss og hadde del i same teneste og oppdrag.

Apostelgjerningane 1