Amos 9:6-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Han som har bygd sine høge salar i himmelenog reist sin kvelv over jorda,han som kallar på vatnet i havetog auser det ut over jorda, Herren er namnet hans.

7. For meg, israelittar, er de som kusjittane,seier Herren.Eg førte Israel opp frå Egypt,men også filistrane frå Kaftorog aramearane frå Kir.

8. Sjå, Herren Guds auge er vende mot det syndige riket:No vil eg sletta det ut frå jorda.Nei, eg skal ikkje sletta ut Jakobs hus,seier Herren.

9. For sjå, eg gjev påbod,og eg rister Israels hus mellom alle folkeslagasom når ein rister i ei siktog ikkje eit sandkorn fell til jorda.

10. For sverdet skal dei døy,alle syndarane i folket mitt,dei som seier: «Det vonde når oss ikkje,det råkar ikkje oss.»

11. Den dagen reiser eg opp attDavids falne hytte.Rivnene murar eg att,og det som ligg i røys, reiser eg opp att.Eg byggjer henne som i gamle dagar,

12. så dei kan ta resten av Edom i eigeog alle dei andre folkeslagasom namnet mitt er nemnt over,seier Herren, som gjer dette.

Amos 9