Amos 9:2-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Om dei grev seg ned i dødsriket,skal handa mi henta dei opp.Om dei stig opp til himmelen,skal eg støyta dei ned.

3. Om dei gøymer seg på Karmels topp,skal eg finna dei og henta dei ned.Om dei løyner seg for auga mine på havsens botn,byd eg ormen bita dei.

4. Om dei må gå som fangar framfor fiendane sine,byd eg sverdet drepa dei.Eg retter auga mot deitil det vonde og ikkje til det gode.

5. Herren, allhærs Gud,rører ved jorda, og ho skjelv.Alle som bur der, sørgjer.Heile jorda stig som Nilenog sig som elva i Egypt.

6. Han som har bygd sine høge salar i himmelenog reist sin kvelv over jorda,han som kallar på vatnet i havetog auser det ut over jorda, Herren er namnet hans.

7. For meg, israelittar, er de som kusjittane,seier Herren.Eg førte Israel opp frå Egypt,men også filistrane frå Kaftorog aramearane frå Kir.

8. Sjå, Herren Guds auge er vende mot det syndige riket:No vil eg sletta det ut frå jorda.Nei, eg skal ikkje sletta ut Jakobs hus,seier Herren.

9. For sjå, eg gjev påbod,og eg rister Israels hus mellom alle folkeslagasom når ein rister i ei siktog ikkje eit sandkorn fell til jorda.

Amos 9