6. Dei drikk vin av offerskålerog salvar seg med den finaste olje,men lid ikkje under Josefs samanbrot.
7. Difor skal dei no drivast i eksil,fremst mellom dei bortførte.Då blir det slutt på festsamlinganeder dei ligg og dreg seg.
8. Herren Gud har svore ved seg sjølv,seier Herren, allhærs Gud:Eg avskyr Jakobs byrgskapog hatar borgene der.Eg utleverer byen og alt som er i han.
9. Er det ti overlevande i eit hus, skal dei døy.
10. Når ein ven eller slektning ber knoklane ut or huset,spør han den som er inst i huset:«Er det fleire att hos deg?»Og han svarar: «Nei, ingen.»Då seier han: «Hysj!»for Herrens namn må ikkje nemnast.
11. Sjå, Herren byd,og han slår det store huset i knasog det vesle huset i bitar.
12. Spring vel hestar opp bratte fjellet,pløyer ein det med oksar?Men de gjer retten om til giftog rettferds frukt til malurt.
13. De gleder dykk over Lo-Dabar og seier:«Sanneleg. Det var med eiga kraft vi tok Karnajim.»
14. Sjå, no reiser eg eit folkmot deg, Israels hus,seier Herren, allhærs Gud.Dei skal undertrykkja dykkfrå Lebo-Hamat til Araba-bekken.