Amos 6:3-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. De vil jaga ulukkedagen bort,men set vald i høgsetet.

4. Dei ligg på elfenbeinsbenkerog strekkjer seg på divanar,dei et lam frå saueflokkenog gjøkalvar frå buskapen.

5. Dei skrålar til harpespelsom var dei David,og reknar instrumenta hans som sine.

6. Dei drikk vin av offerskålerog salvar seg med den finaste olje,men lid ikkje under Josefs samanbrot.

7. Difor skal dei no drivast i eksil,fremst mellom dei bortførte.Då blir det slutt på festsamlinganeder dei ligg og dreg seg.

8. Herren Gud har svore ved seg sjølv,seier Herren, allhærs Gud:Eg avskyr Jakobs byrgskapog hatar borgene der.Eg utleverer byen og alt som er i han.

Amos 6