Amos 3:11-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Difor seier Herren Gud:Fienden skal omringa landet,riva ned festninga di,borgene skal plyndrast.

12. Så seier Herren:Som gjetaren bergarto leggbein eller ein øyreflipp frå løvegapet,slik skal israelittane bergast,dei som sit i sofahjørne i Samariaog på divanar i Damaskus.

13. Høyr og ver vitne mot Jakobs hus!seier Herren Gud, allhærs Gud.

14. Ja, den dagen eg straffar Israelfor syndene deira,lèt eg straffa råka altara i Betel.Altarhorna blir hogne avog fell til jorda.

15. Då knuser eg både vinterhus og sommarhus.Elfenbeinshus skal gå til grunneog store bygningar siga i røys,seier Herren.

Amos 3