5. Mosebok 8:5-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Og du skal vita i hjartet ditt at Herren din Gud vil oppdra deg liksom ein mann oppdreg son sin.

6. Då skal du òg halda boda til Herren din Gud så du går på hans vegar og har age for han.

7. For Herren din Gud fører deg inn i eit godt land, eit land med rennande bekker, med kjelder og vassårer som spring fram i dalane og på fjellet,

8. eit land med kveite og bygg, med vinstokkar, fikentre og granatepletre, eit land med olivenolje og honning,

9. eit land der du ikkje skal eta brødet ditt i fattigdom og ikkje mangla nokon ting, eit land der det er jern i steinane og du kan bryta kopar ut av fjellet.

10. Der skal du eta og bli mett og velsigna Herren din Gud for det gode landet han har gjeve deg.

11. Ta deg i vare så du ikkje gløymer Herren din Gud og lèt vera å halda boda, lovene og forskriftene hans som eg i dag byd deg å halda.

12. Når du et og blir mett, når du byggjer deg fine hus og får bu i dei,

13. når storfeet og småfeet ditt aukar, når du får mengder av gull og sølv og eigedomane dine veks,

14. ta deg då i vare så du ikkje blir hovmodig og gløymer Herren din Gud som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.

15. Han førte deg gjennom den store, uhyggjelege ørkenen med giftslangar og skorpionar, eit uttørka land utan vatn. Han lét vatnet strøyma for deg frå harde fjellet,

16. han lét deg eta manna i ørkenen, ein mat som fedrane dine aldri hadde høyrt om. Alt dette gjorde han fordi han ville audmjuka deg og prøva deg og så gjera vel mot deg til slutt.

17. Du kan seia i hjartet ditt: «Det er mi eiga kraft og mi sterke hand som har skaffa meg denne rikdomen.»

5. Mosebok 8