5. Mosebok 7:13-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Han skal elska deg og velsigna deg og gjera deg talrik. Han skal velsigna frukta av ditt morsliv og frukta av ditt åkerland, korn, ny vin og fin olje, det som blir fødd av storfe, og det som kjem til av småfe, i det landet han med eid lova fedrane dine å gje deg.

14. Velsigna skal du vera framfor alle andre folk. Hos deg skal ingen vera ufruktbare, korkje menn eller kvinner eller nokon av husdyra dine.

15. Herren skal halda all sjukdom borte frå deg. På deg skal han ikkje leggja nokon av dei vonde farsottene som du kjenner frå Egypt, men han skal leggja dei på alle som hatar deg.

16. Du skal utrydda alle dei folka som Herren din Gud overgjev deg, og du skal ikkje visa dei medkjensle. Du skal ikkje dyrka gudane deira. Gjer du det, er du fanga i ei felle.

17. Om du seier i hjartet: «Desse folkeslaga er større enn eg. Korleis skal eg greia å driva dei ut?»

18. då skal du ikkje vera redd dei. Hugs kva Herren din Gud gjorde med farao og heile Egypt,

19. dei mektige gjerningane, teikna og undera som auga dine såg då Herren med sterk hand og utstrekt arm førte deg ut. Det same skal Herren din Gud gjera med alle dei folka du no er redd.

20. Herren din Gud skal jamvel senda ein bisverm over dei, heilt til alle som er att eller har gøymt seg for deg, har gått til grunne.

21. Lat deg ikkje skremma av dei, for Herren din Gud er hos deg, ein Gud som er stor og vekkjer frykt.

22. Smått om senn skal Herren din Gud driva desse folkeslaga ut for deg. Du kan ikkje gjera ende på dei med ein gong, for då kunne villdyra bli for mange for deg.

23. Herren din Gud skal gje folka over til deg og spreia stor forvirring blant dei, til dei er utrydda.

24. Han skal gje kongane deira i dine hender, og du skal utsletta namna deira under himmelen. Ingen skal kunna stå seg mot deg til du har utrydda dei.

5. Mosebok 7