5. Mosebok 33:19-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Dei bed folka koma til fjellet,der ber dei fram rette offer.Dei syg til seg rikdom frå havetog skattar gøymde i sanden.

20. Om Gad sa han:Velsigna er han som lèt Gad få rom!Som ei løvinne er Gad der han bur.Han riv sund både arm og hovud.

21. Han såg seg ut den beste delen,der fekk han lott som ein æra herskar.Når hovdingane i folket kom saman,sette han i verk Herrens rettferdog hans dommar i Israel.

22. Om Dan sa han:Dan er ein løveungesom spring fram frå Basan.

23. Om Naftali sa han:Naftali er metta med Herrens velviljeog fylt av hans velsigning.Han tek land i vest og sør.

24. Om Asjer sa han:Mest velsigna blant søner er Asjer.Han skal vera elska av brørne sineog dyppa foten sin i olje.

25. Bommane dine skal vera av jern og bronse.Som dine dagar er, skal din styrke vera.

26. Ingen er som Jesjuruns Gud.Han rid fram over himmelenfor å koma deg til hjelp,rid på skyene i sitt velde.

27. Ein bustad er den eldgamle Gud,her nede er hans evige armar.Han dreiv fienden bort for degog sa: «Rydd ut!»

28. Sidan bur Israel trygt,Jakobs kjelde har fredi eit land med korn og ny vin,der dogga dryp frå himmelen.

29. Sæl er du, Israel. Kven er som du?Du er eit folk som er frelst av Herren,ditt vernande skjold og ditt sigrande sverd.Dine fiendar skal krypa for degmedan du skrid fram over høgdene deira.

5. Mosebok 33