5. Mosebok 33:15-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. med det gjævaste frå dei eldgamle fjell,det aller beste frå dei evige høgder,

16. med alt godt som fyller jorda,og med velvilje frå hansom budde i klungeren.Lat dette koma over Josefs hovud,over issen på hansom er fyrste blant sine brør.

17. Staseleg er hans førstefødde okse,han har horn som ein villokse;med dei kan han stanga folka nedheilt til endane av jorda.Dette er Efraim i titusental,dei tusen på tusen menn av Manasse.

18. Om Sebulon sa han:Gled deg, Sebulon, når du dreg ut,gled deg, Jissakar, i dine telt!

19. Dei bed folka koma til fjellet,der ber dei fram rette offer.Dei syg til seg rikdom frå havetog skattar gøymde i sanden.

20. Om Gad sa han:Velsigna er han som lèt Gad få rom!Som ei løvinne er Gad der han bur.Han riv sund både arm og hovud.

21. Han såg seg ut den beste delen,der fekk han lott som ein æra herskar.Når hovdingane i folket kom saman,sette han i verk Herrens rettferdog hans dommar i Israel.

22. Om Dan sa han:Dan er ein løveungesom spring fram frå Basan.

23. Om Naftali sa han:Naftali er metta med Herrens velviljeog fylt av hans velsigning.Han tek land i vest og sør.

24. Om Asjer sa han:Mest velsigna blant søner er Asjer.Han skal vera elska av brørne sineog dyppa foten sin i olje.

25. Bommane dine skal vera av jern og bronse.Som dine dagar er, skal din styrke vera.

26. Ingen er som Jesjuruns Gud.Han rid fram over himmelenfor å koma deg til hjelp,rid på skyene i sitt velde.

27. Ein bustad er den eldgamle Gud,her nede er hans evige armar.Han dreiv fienden bort for degog sa: «Rydd ut!»

28. Sidan bur Israel trygt,Jakobs kjelde har fredi eit land med korn og ny vin,der dogga dryp frå himmelen.

5. Mosebok 33