5. Dei sveik han med si vonde ferd,dei som ikkje er hans born,ei trulaus og rangsnudd slekt.
6. Er det slik de løner Herren,du dumme, fåvise folk?Er han ikkje din far og skapar?Han forma deg og held deg oppe.
7. Kom dei eldgamle dagar i hug,gjev akt på åra frå slekt til slekt!Spør far din, lat han fortelja deg,spør dei gamle, lat dei gje deg svar.
8. Då Den høgste gav folkeslaga landog skilde menneska frå kvarandre,sette han grenser mellom folkaetter talet på Israels søner.
9. Herrens del er hans eige folk,Jakob er hans arvelut.
10. Herren fann han i ørkenlandet,i den aude, hylande ørkenen.Han verna han, tok hand om hanog vakta han som sin augnestein.
11. Lik ei ørnsom får ungane til å flyga frå reiretog svevar over dei,slik breidde han ut sine venger,greip han og bar han på vengene.
12. Herren åleine leidde han,ingen framand gud var hos han.
13. Han lét han ri fram over høgdene i landetog lét han eta av grøda på åkeren,suga honning frå bergetog olje frå steinharde fjellet,
14. gav han rømme frå buskapen,mjølk frå småfe og feitt frå lam,av Basan-vêrar og bukkar,og nyrefeittet av kveiten.Drueblod drakk du, skummande vin.
15. Jesjurun vart feit og spente bakut;du vart feit, du vart tjukk og stinn.Han vraka Gud, som hadde skapt han,og vanvørde frelsesfjellet.
16. Dei gjorde han sjalu med framande gudar,gjorde han rasande med det avskyelege.
17. Dei ofra til ånder som ikkje er gudar,til guddomar dei ikkje kjende,nye gudar som nyst var komne,gudar fedrane dykkar ikkje visste om.
18. Berget som fødde deg, vørde du ikkje,du gløymde Gud, som fødde deg i smerte.
19. Då Herren såg det, støytte han dei bort,for sønene og døtrene hans hadde krenkt han.
20. Han sa: Eg vil løyna andletet for deiog sjå korleis det går dei til slutt;for dei er ei vrangsnudd slekt,born utan truskap.
21. Dei gjorde meg sjalu med gudar som ikkje er gudar,med avgudar gjorde dei meg rasande.Så vil eg gjera dei sjalu med eit folk som ikkje er eit folk,med eit uvitug folkeslag gjer eg dei rasande.
22. For i min harme har eg tent ein eld,han brenn til djupaste dødsriket.Han øyder jorda og grøda hennarog set grunnvollen under fjella i brann.