38. dei som åt feittet av slaktofferet deiraog drakk vinen frå drikkofferet?Lat dei reisa seg og hjelpa dykk,lat dei gje dykk ly og vern!
39. Sjå no, eg er Han!Det finst ingen annan gud enn eg.Eg tek liv og gjev liv,eg sårar og eg lækjer,og ingen kan berga noko ut av mi hand.
40. Eg lyfter handa mot himmelenog seier: Så sant eg lever til evig tid,
41. når eg kvesser mitt lynande sverdog rekkjer handa ut til doms,skal eg ta hemn over motstandarane mineog straffa dei som hatar meg.
42. Eg gjer mine piler drukne av blod,blodet av falne og fangar,sverdet mitt skal eta kjøt,hovud av fiendens hovdingar.
43. Pris hans folk, de folkeslag,for han hemnar blodet til sine tenarar.Han tek hemn over fiendaneog gjer soning for sitt land og folk.
44. Moses kom og sa fram heile denne songen, han og Josva, son til Nun, medan folket høyrde på.
45. Då Moses var ferdig med å seia fram alle desse orda for heile Israel,
46. sa han: «Legg dykk no på hjartet alle dei orda som eg i dag har tala til åtvaring for dykk. Og byd borna dykkar at dei skal halda kvart ord i denne lova og leva etter dei.
47. For dette er ikkje tomme ord for dykk, men sjølve livet. Ved desse orda skal de leva lenge i det landet de no skal ta når de går over Jordan.»
48. Same dagen sa Herren til Moses:
49. «Stig opp på Abarim-fjellet, på fjellet Nebo som ligg i Moab, midt imot Jeriko, og sjå ut over Kanaan, det landet eg vil gje israelittane til eige.
50. Og du skal døy på det fjellet som du går opp på, og sameinast med folket ditt, liksom bror din, Aron, døydde på fjellet Hor og vart sameina med folket sitt.