5. Mosebok 32:33-44 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

33. Slangegift er deira vin,eitrande gift frå ormar.

34. Men alt dette er gøymt hos meg,forsegla i mitt forrådskammer

35. til hemnens dag då gjengjeldinga kjem,då foten deira blir ustø.Ja, ulukkedagen nærmar seg,det som ventar dei, kjem snart.

36. Men Herren vil skaffa folket sitt rettog ha medkjensle med sine tenarar,for han ser at makta deira er borte,det er ute med både fange og fri.

37. Så spør han: Kvar er no gudane deira,berget der dei søkte tilflukt,

38. dei som åt feittet av slaktofferet deiraog drakk vinen frå drikkofferet?Lat dei reisa seg og hjelpa dykk,lat dei gje dykk ly og vern!

39. Sjå no, eg er Han!Det finst ingen annan gud enn eg.Eg tek liv og gjev liv,eg sårar og eg lækjer,og ingen kan berga noko ut av mi hand.

40. Eg lyfter handa mot himmelenog seier: Så sant eg lever til evig tid,

41. når eg kvesser mitt lynande sverdog rekkjer handa ut til doms,skal eg ta hemn over motstandarane mineog straffa dei som hatar meg.

42. Eg gjer mine piler drukne av blod,blodet av falne og fangar,sverdet mitt skal eta kjøt,hovud av fiendens hovdingar.

43. Pris hans folk, de folkeslag,for han hemnar blodet til sine tenarar.Han tek hemn over fiendaneog gjer soning for sitt land og folk.

44. Moses kom og sa fram heile denne songen, han og Josva, son til Nun, medan folket høyrde på.

5. Mosebok 32