5. Mosebok 29:22-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Komande slekter, borna som veks opp etter dykk, og framande som kjem frå fjerne land, skal sjå dei plagene som har råka dette landet, og dei sjukdomane Herren har sendt over det:

23. svovel og salt, heile landet avsvidd så det kan ikkje såast, bli grønt eller noko strå kan veksa der, slik det var då Sodoma og Gomorra, Adma og Sebojim vart øydelagde, dei som Herren i sin vreide og harme la øyde.

24. Då skal dei seia og alle folkeslag spørja: «Kvifor har Herren fare slik åt med dette landet? Kvifor denne store vreiden?»

5. Mosebok 29