2. Moses kalla heile Israel saman og sa til dei: De har sett alt det Herren gjorde rett for auga på dykk i Egypt med farao og alle tenarane og heile landet hans.
3. Med eigne auge såg du dei svære plagene, dei store teikna og undera.
4. Men til denne dag har Herren ikkje gjeve dykk hjarte til å forstå, auge til å sjå og øyre til å høyra.
5. Eg førte dykk i ørkenen i førti år. Kleda de hadde på, vart ikkje utslitne, og heller ikkje skorne du hadde på føtene.
6. De åt ikkje brød og drakk ikkje vin eller sterk drikk, for at de skulle skjøna at eg er Herren dykkar Gud.
7. Så kom de til denne staden. Sihon, kongen i Hesjbon, drog ut til strid mot oss saman med Og, kongen i Basan, men vi slo dei.
8. Vi tok landet deira og lét rubenittane og gadittane og halve Manasse-stammen få det til eige.
9. Legg då vinn på å leva etter orda i denne pakta, så skal de ha framgang i alt de gjer.
10. De står i dag alle saman framfor Herren dykkar Guds andlet, stammehovdingane, dei eldste og tilsynsmennene dykkar, kvar mann i Israel,
11. småborna og kvinnene dykkar og innflyttaren som held til i leiren din, både han som høgg ved og han som ber vatn for deg.
12. Du skal no gå inn i pakta med Herren din Gud som Herren din Gud gjer med deg i dag, med dei forbanningar som høyrer pakta til.
13. Ved dette skal han i dag gjera deg til sitt folk, og han sjølv vil vera din Gud, som han har sagt deg, og slik han med eid lova fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob.
14. Det er ikkje berre med dykk eg gjer denne pakta, med dei forbanningar som høyrer til,
15. men òg med dei som står her saman med oss i dag framfor Herren vår Guds andlet, og med dei som enno ikkje er saman med oss.