1. Dette er orda i den pakta som Herren baud Moses å gjera med israelittane i landet Moab, i tillegg til den pakta han hadde gjort med dei ved Horeb.
2. Moses kalla heile Israel saman og sa til dei: De har sett alt det Herren gjorde rett for auga på dykk i Egypt med farao og alle tenarane og heile landet hans.
3. Med eigne auge såg du dei svære plagene, dei store teikna og undera.
4. Men til denne dag har Herren ikkje gjeve dykk hjarte til å forstå, auge til å sjå og øyre til å høyra.
5. Eg førte dykk i ørkenen i førti år. Kleda de hadde på, vart ikkje utslitne, og heller ikkje skorne du hadde på føtene.