36. Herren skal føra deg og den kongen du set over deg, bort til eit folkeslag som korkje du eller fedrane dine har kjent, og der skal du dyrka andre gudar, stokk og stein.
37. Der skal du bli eit skremsel, eit ordtak og eit spottord mellom alle dei folk som Herren fører deg bort til.
38. Mykje korn skal du så i åkeren, men lite skal du hausta, for grashoppene et det opp.
39. Vinmarker skal du planta og dyrka, men vin får du verken drikka eller lagra, for makken et dei opp.
40. Oliventre skal du ha overalt i landet ditt, men du får ikkje salva deg med olje, for olivenfrukta fell ned.
41. Søner og døtrer skal du få, men dei skal ikkje høyra deg til, for dei må gå i fangenskap.
42. Alle trea dine og grøda på jorda di skal grashoppene ta.
43. Innflyttaren som bur hos deg, skal koma høgare og høgare over deg, men du skal koma lågare og lågare.
44. Han skal låna ut til deg, men du har ingen ting å låna han. Han skal bli hovud og du hale.
45. Alle desse forbanningane skal koma over deg. Dei skal forfølgja deg og nå deg att til du blir utrydda, fordi du ikkje lydde Herren din Gud og ikkje heldt dei boda og forskriftene som han har gjeve deg.
46. Dei skal vera teikn og varsel for deg og etterkomarane dine til alle tider.
47. Fordi du ikkje tente Herren din Gud av eit godt hjarte, i glede over all di overflod,
48. må du tena fiendane som Herren sender mot deg, og vera svolten, tørst og naken og mangla alt. Han skal leggja eit jernåk på nakken din, heilt til han har rydda deg ut.