5. Mosebok 27:4-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Når de kjem over Jordan, skal de på Ebal-fjellet reisa desse steinane slik eg byd dykk i dag, og du skal stryka kalk på dei.

5. Der skal du byggja eit altar for Herren din Gud, eit altar av stein. Bruk ikkje meisel på dei!

6. Altaret for Herren din Gud skal du byggja av steinar som ikkje er hogne til. På det skal du bera fram brennoffer for Herren din Gud.

7. Så skal du ofra fredsoffer og eta der og gleda deg for Herren din Guds andlet.

8. Og på steinane skal du klårt og greitt skriva alle orda i denne lova.

9. Moses og levittprestane tala til heile Israel: «Ver stille! Høyr, Israel! Denne dagen har du vorte Herren din Guds folk.

10. Ver lydig mot Herren din Gud og hald boda og forskriftene hans som eg gjev deg i dag.»

11. Same dagen gav Moses folket dette påbodet:

12. Når de har gått over Jordan, skal desse stå på Garisim-fjellet og lysa velsigning over folket: Simon, Levi, Juda, Jissakar, Josef og Benjamin.

13. Og desse skal stå på Ebal-fjellet og lysa forbanning: Ruben, Gad, Asjer, Sebulon, Dan og Naftali.

14. Levittane skal ta ordet og seia med høg røyst til kvar einaste israelitt:

15. Forbanna er den som lagar eit utskore eller støypt gudebilete, avskyeleg for Herren, forma av ein handverkar, og set det opp i løynd! Og heile folket skal svara: Amen.

16. Forbanna er den som vanærar far sin eller mor si! Og heile folket skal seia: Amen.

17. Forbanna er den som flytter grensesteinar mellom seg og nesten sin! Og heile folket skal seia: Amen.

18. Forbanna er den som fører ein blind på feil veg! Og heile folket skal seia: Amen.

19. Forbanna er den som vrengjer retten for innflyttarar, farlause og enkjer! Og heile folket skal seia: Amen.

20. Forbanna er den som ligg med kona til far sin, for han har teke kappefliken til far sin bort frå henne. Og heile folket skal seia: Amen.

5. Mosebok 27