5. Mosebok 21:9-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Slik tek du det uskuldige blodet bort frå deg når du gjer det som rett er i Herrens auge.

10. Det kan henda at du dreg i krig mot fiendane dine og Herren din Gud gjev dei over i dine hender så du tek nokon av dei til fange.

11. Mellom fangane ser du ei vakker kvinne som du trår etter og vil gifta deg med.

12. Då skal du føra henne inn i huset ditt. Ho skal barbera hovudet og klippa neglene

13. og ta av seg dei kleda ho gjekk i då ho vart teken til fange. Så skal ho vera i huset ditt og gråta over far sin og mor si ein heil månad. Sidan kan du gå inn til henne. Du skal vera mannen hennar, og ho skal vera kona di.

5. Mosebok 21