13. og ta av seg dei kleda ho gjekk i då ho vart teken til fange. Så skal ho vera i huset ditt og gråta over far sin og mor si ein heil månad. Sidan kan du gå inn til henne. Du skal vera mannen hennar, og ho skal vera kona di.
14. Men dersom du ikkje likar henne lenger, skal du la henne gå kvar ho vil. Du må aldri selja henne for pengar eller fara åt med henne som ein slave, sidan du har fått viljen din med henne.
15. Det kan henda at ein mann har to koner, ei som han elskar, og ei som han mislikar. Han får søner med begge to, men den eldste er son til den han mislikar.
16. Når den dagen kjem at han skal fordela arven mellom sønene sine, må han ikkje dela som om son til den han elskar, var den førstefødde, til skade for den eldste, som er son til den han mislikar.
17. Han skal vedkjenna seg den førstefødde, som er son til den han mislikar, og gje han dobbel arvedel av alt han eig. For han var den første frukta av hans manndom, og førstefødselsretten høyrer han til.
18. Det kan henda at ein mann har ein trassig og opprørsk son som ikkje vil høyra på far sin og mor si og ikkje lyder dei, endå dei straffar han.
19. Då skal far hans og mor hans ta han med til dei eldste i byen, til byporten,
20. og seia til dei eldste i byen: «Denne sonen vår er trassig og opprørsk og vil ikkje lyda oss. Han er ein fråtsar og ein drankar!»
21. Då skal alle mennene i byen steina han i hel. Du skal utrydda det vonde hos deg. Heile Israel skal høyra om det og bli gripne av redsle.
22. Når ein mann blir dømd til døden og han blir avretta og hengd opp på eit tre,
23. skal du ikkje la den døde kroppen hans bli hangande på treet, men gravleggja han same dagen. For den som blir hengd opp, er forbanna av Gud. Du skal ikkje gjera ureint det landet som Herren din Gud vil gje deg til eige.