5. Mosebok 2:10-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Før i tida budde emittane der, eit stort og talrikt folk, høgvaksne som anakittane.

11. Også dei blir rekna som refaittar, til liks med anakittane, men moabittane kallar dei emittar.

12. Før i tida budde det horittar i Se'ir. Men Esaus etterkomarar dreiv dei bort. Dei utrydda dei og busette seg der i staden for dei, på same måten som israelittane gjorde i sitt land, det Herren gav dei til eige.

13. «Bryt no opp og gå over Sered-bekken!» Og vi gjekk over Sered-bekken.

14. Tida for ferda vår frå Kadesj-Barnea til overgangen over Sered-bekken var trettiåtte år. Då hadde ein heil generasjon av krigarar i leiren døydd ut, slik Herren hadde svore.

15. Herren hadde vendt handa si mot dei, og han utrydda dei frå leiren, til siste mann.

16. Då alle krigarane i folket var døde,

17. sa Herren til meg:

18. «I dag skal du dra gjennom Moab-landet, gjennom Ar.

5. Mosebok 2