1. Deretter snudde vi og tok vegen ut i ørkenen mot Sivsjøen, slik som Herren hadde sagt til meg. I lang tid vandra vi omkring i Se'ir-fjella.
2. Då sa Herren til meg:
3. «De har vandra lenge nok omkring i desse fjella. Ta no mot nord!
4. Du skal gje folket dette påbodet: De dreg no gjennom området til brørne dykkar, Esau-sønene, som bur i Se'ir. Dei kjem til å bli redde dykk, men ta dykk i vare.
5. Gå ikkje til åtak på dei! Eg vil ikkje gje dykk så mykje som ei fotbreidd av landet deira, for Se'ir-fjella har eg gjeve Esau til eige.
6. Maten de skal eta og vatnet de skal drikka, må de kjøpa av dei for pengar.
7. Herren din Gud har velsigna deg i alt du har gjort. Han har følgt deg på vandringa gjennom den store ørkenen. I førti år har Herren din Gud vore med deg, og du har ingen ting mangla.»