10. Hos deg må det ikkje finnast nokon som lèt son sin eller dotter si gå gjennom elden, ingen som tek varsel, ingen teikntydar, spåmann eller trollmann,
11. ingen som driv med magi, spør gjenferd eller spådomsånder til råds eller søkjer hjelp hos dei døde.
12. For Herren avskyr alle som gjer slikt, og det er på grunn av dette avskyelege at Herren din Gud tek landet frå dei og gjev det til deg.
13. Du skal vera heilhjarta mot Herren din Gud.
14. Desse folkeslaga som du tek landet frå, høyrer på teikntydarar og spåmenn. Men deg kan Herren din Gud ikkje gje lov til slikt.
15. Ein profet som meg vil Herren din Gud la stå fram hos deg, ein av landsmennene dine. Han skal de høyra på.
16. Det var dette du bad Herren din Gud om ved Horeb den dagen de var samla der: «Lat meg aldri meir få høyra røysta til Herren min Gud eller få sjå denne veldige elden, for då må eg døy.»
17. Då sa Herren til meg: Det er rett det dei seier.
18. Eg vil la ein profet som deg stå fram, ein av deira eigne. Eg vil leggja orda mine i munnen hans, og han skal forkynna for dei alt det eg byd han.
19. Den som ikkje høyrer på dei ord han talar i mitt namn, han vil eg krevja til rekneskap.
20. Men vågar ein profet å tala noko i mitt namn som eg ikkje har sagt han, eller talar han i namnet til andre gudar, då skal den profeten døy.
21. Det kan henda at du seier i hjartet ditt: «Korleis veit vi at eit ord ikkje kjem frå Herren?»