4. Mosebok 6:3-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. skal han halda seg borte frå vin og sterk drikk. Han skal ikkje drikka eddik som er laga av vin eller av sterk drikk. Han skal heller ikkje drikka noka saft som er laga av druer, og ikkje eta druer, anten dei er friske eller tørka.

4. Så lenge han er nasirear, skal han ikkje eta noko som kjem frå vinstokken, ikkje eingong druekjernar eller skal.

5. Så lenge nasirearlovnaden gjeld, må det ikkje koma rakekniv på hovudet hans. Heilt til dagane han er vigd til Herren, er over, skal han vera heilag. Han skal la håret på hovudet veksa og hanga fritt.

6. Så lenge han er vigd til Herren, må han ikkje koma nær lik.

7. Om far eller mor, bror eller syster døyr, må han ikkje gjera seg urein for deira skuld. For hovudet hans ber teiknet på at han er vigd til sin Gud.

8. Så lenge han er nasirear, er han heilag for Herren.

9. Men dersom nokon døyr brått og uventa heilt inntil han, så hovudet hans blir ureint medan det er innvigd, skal han barbera hovudet den dagen han blir rein. Den sjuande dagen skal han barbera det.

10. Den åttande dagen skal han bera to turtelduer eller to dueungar til presten ved opninga til teltheilagdomen.

11. Den eine skal presten ofra som syndoffer og den andre som brennoffer og slik gjera soning for han, for lovbrotet som skjedde då han kom nær liket. Same dagen skal han helga hovudet sitt på nytt.

12. Han skal via seg til Herren for like lang tid som han først hadde lova, og bera fram eit årsgammalt lam som skuldoffer. Den første tida fell bort fordi hovudet hans vart ureint medan det var innvigd.

13. Dette er lova for nasirearen: Den dagen nasireartida hans er over, skal han førast fram for opninga til teltheilagdomen.

14. Han skal bera fram offeret sitt for Herren: eit årsgammalt vêrlam utan feil som brennoffer, eit årsgammalt, feilfritt holam som syndoffer og ein feilfri vêr som fredsoffer,

15. ei korg med usyra brød av fint mjøl, forma som kaker med olje i og usyra kjekskaker smurde med olje, dessutan grødeofferet og drikkoffera som høyrer til.

16. Dette skal presten bera fram for Herren. Han skal ofra det som syndoffer og brennoffer for mannen.

17. Vêren skal han laga til som fredsoffer for Herren saman med korga med dei usyra brøda. Presten skal bera fram grødeofferet og drikkofferet hans.

4. Mosebok 6