4. Mosebok 5:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses:

2. «Du skal påleggja israelittane å senda bort frå leiren alle med hudsjukdom, alle med utflod og alle som er ureine etter å ha rørt ved lik.

3. Både menn og kvinner skal de senda bort. Lat dei gå utanfor leiren så dei ikkje gjer leiren urein, der eg bur midt imellom israelittane.»

4. Folket gjorde som Herren sa. Dei sende dei ureine ut av leiren. Som Herren sa til Moses, slik gjorde israelittane.

4. Mosebok 5