1. Herren sa til Moses:
2. Dette skal du påleggja israelittane, dette skal du seia til dei: Når de kjem inn i Kanaan-landet, då er dette det landet de får til eige, landet Kanaan frå grense til grense.
3. På sørsida skal de ha frå Sin-ørkenen langsmed Edom. De skal ha grense mot sør frå enden av Saltsjøen mot aust.
4. Grensa skal svinga sørom Akrabbim-skardet og halda fram til Sin. Så skal ho gå sør for Kadesj-Barnea til Hasar-Addar og derifrå over til Asmon.
5. Frå Asmon skal grensa svinga ned til Egyptarbekken og enda ute ved havet.
6. I vest skal de ha Storhavet til grense. Det skal vera grensa dykkar mot vest.
7. I nord skal dette vera grensa dykkar: Frå Storhavet skal de trekkja grensa opp til Hor-fjellet
8. og frå Hor-fjellet til Lebo-Hamat. Grensa skal enda ute ved Sedad.
9. Så skal grensa halda fram til Sifron og enda ved Hasar-Enan. Det skal vera grensa dykkar mot nord.
10. I aust skal de dra opp grensa frå Hasar-Enan til Sjefam.
11. Frå Sjefam skal grensa gå ned til Ribla, austafor Ajin, og så nedover til ho når fjellryggen på austsida av Kinneret-sjøen.
12. Så skal ho følgja Jordan og enda nedmed Saltsjøen. Dette skal vera landet dykkar, med desse grensene omkring.
13. Moses sa til israelittane: Dette er det landet de skal få til eigedom ved loddkasting, det Herren har gjeve påbod om at dei ni stammane og den eine halve stammen skal få.