4. Mosebok 32:5-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Om du ser på oss med velvilje», sa dei, «så lat tenarane dine få dette landet til eigedom. Lat oss sleppa å dra over Jordan!»

6. Moses svara Gad-sønene og Ruben-sønene: «Skal brørne dykkar gå i krigen medan de slår dykk til ro her?

7. Kvifor må de gje israelittane vrangvilje i hjartet så dei ikkje vil dra over til det landet Herren har gjeve dei?

8. Det same gjorde fedrane dykkar då eg sende dei frå Kadesj-Barnea for å sjå nærare på landet.

9. Då dei hadde vore i Esjkol-dalen og sett på landet, gjorde dei israelittane motlause, så dei ikkje ville gå inn i det landet Herren hadde gjeve dei.

10. Den dagen flamma Herrens vreide opp, og han svor:

11. Ingen av dei mennene som drog opp frå Egypt, og som er tjue år eller meir, skal få sjå det landet som eg svor å gje til Abraham, Isak og Jakob, for dei har ikkje følgt meg trufast

12. – ingen utan Kaleb, son til Jefunne av Kenas-slekta, og Josva, son til Nun. For dei har følgt Herren trufast.

13. Og Herrens vreide flamma opp mot Israel, så han lét dei flakka omkring i ørkenen i førti år, til det var borte, heile det slektsleddet som hadde gjort det som vondt var i Herrens auge.

14. Sjå, no står de her akkurat som fedrane dykkar, de syndar-avkom, og gjer Herrens brennande vreide mot Israel endå større!

15. For vender de dykk bort frå han, så kjem han til å la Israel vera endå lenger i ørkenen, og de fører ulukke over heile dette folket.»

16. Då kom dei fram til han og sa: «Vi vil laga kveer for feet vårt her og byggja byar for borna våre.

17. Sjølve vil vi væpna oss til strid så snøgt vi kan, og gå føre israelittane til vi har ført dei dit dei skal. Men borna våre skal vera att i festningsbyane, så dei kan vera trygge for dei som bur i landet.

18. Vi skal ikkje venda heim att før alle israelittar har fått eigedom, kvar og ein sin del.

4. Mosebok 32