5. Om du ser på oss med velvilje», sa dei, «så lat tenarane dine få dette landet til eigedom. Lat oss sleppa å dra over Jordan!»
6. Moses svara Gad-sønene og Ruben-sønene: «Skal brørne dykkar gå i krigen medan de slår dykk til ro her?
7. Kvifor må de gje israelittane vrangvilje i hjartet så dei ikkje vil dra over til det landet Herren har gjeve dei?
8. Det same gjorde fedrane dykkar då eg sende dei frå Kadesj-Barnea for å sjå nærare på landet.
9. Då dei hadde vore i Esjkol-dalen og sett på landet, gjorde dei israelittane motlause, så dei ikkje ville gå inn i det landet Herren hadde gjeve dei.
10. Den dagen flamma Herrens vreide opp, og han svor:
11. Ingen av dei mennene som drog opp frå Egypt, og som er tjue år eller meir, skal få sjå det landet som eg svor å gje til Abraham, Isak og Jakob, for dei har ikkje følgt meg trufast
12. – ingen utan Kaleb, son til Jefunne av Kenas-slekta, og Josva, son til Nun. For dei har følgt Herren trufast.
13. Og Herrens vreide flamma opp mot Israel, så han lét dei flakka omkring i ørkenen i førti år, til det var borte, heile det slektsleddet som hadde gjort det som vondt var i Herrens auge.
14. Sjå, no står de her akkurat som fedrane dykkar, de syndar-avkom, og gjer Herrens brennande vreide mot Israel endå større!
15. For vender de dykk bort frå han, så kjem han til å la Israel vera endå lenger i ørkenen, og de fører ulukke over heile dette folket.»