15. For vender de dykk bort frå han, så kjem han til å la Israel vera endå lenger i ørkenen, og de fører ulukke over heile dette folket.»
16. Då kom dei fram til han og sa: «Vi vil laga kveer for feet vårt her og byggja byar for borna våre.
17. Sjølve vil vi væpna oss til strid så snøgt vi kan, og gå føre israelittane til vi har ført dei dit dei skal. Men borna våre skal vera att i festningsbyane, så dei kan vera trygge for dei som bur i landet.
18. Vi skal ikkje venda heim att før alle israelittar har fått eigedom, kvar og ein sin del.
19. For vi vil ikkje ta land saman med dei på andre sida av Jordan og lenger borte når vi får vår eigedom her på austsida av Jordan.»
20. Moses svara: «Dersom de gjer dette, dersom de væpnar dykk til krig for Herren
21. og alle stridsbudde menn mellom dykk fer over Jordan for Herren heilt til han har drive fiendane sine bort,
22. og ingen av dykk vender heim att før landet er vunne for Herren, då skal de vera utan skuld både for Herren og for Israel, og dette landet skal vera dykkar eigedom for Herrens andlet.
23. Men gjer de ikkje dette, sjå, då syndar de mot Herren. Vit at synda skal finna dykk att.
24. Bygg byar for borna dykkar og lag kveer for småfeet, men det som munnen har lova, må de òg gjera!»
25. Då sa Gad-sønene og Ruben-sønene til Moses: «Tenarane dine skal gjera som du har bode, herre.
26. Kvinnene og borna våre og feet vårt, heile buskapen, skal vera att her i byane i Gilead.
27. Men vi, tenarane dine, alle som er væpna til strid for Herren, skal dra over i krigen slik du har sagt, herre.»
28. Så gav Moses påbod om dei til presten Elasar, til Josva, son til Nun, og til leiarane for familiane i Israel-stammane.
29. Moses sa til dei: «Dersom Gad-sønene og Ruben-sønene går over Jordan saman med dykk, alle som er væpna til krig for Herren, og de legg landet under dykk, då skal de la dei få Gilead-landet til eigedom.
30. Men dersom krigarane ikkje går over saman med dykk, skal dei få eigedom blant dykk i Kanaan-landet.»