4. Mosebok 32:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ruben-sønene og Gad-sønene hadde ei stor mengd med fe. Då dei såg dei gode beitemarkene i Jaser og Gilead-landet,

2. kom dei til Moses og presten Elasar og til leiarane i forsamlinga og sa:

3. «Atarot, Dibon, Jaser, Nimra, Hesjbon, Elale, Sebam, Nebo og Beon,

4. desse landområda som Herren har vunne for Israels forsamling, er godt høvelege til fedrift, og vi, tenarane dine, har fe.

5. Om du ser på oss med velvilje», sa dei, «så lat tenarane dine få dette landet til eigedom. Lat oss sleppa å dra over Jordan!»

6. Moses svara Gad-sønene og Ruben-sønene: «Skal brørne dykkar gå i krigen medan de slår dykk til ro her?

7. Kvifor må de gje israelittane vrangvilje i hjartet så dei ikkje vil dra over til det landet Herren har gjeve dei?

8. Det same gjorde fedrane dykkar då eg sende dei frå Kadesj-Barnea for å sjå nærare på landet.

9. Då dei hadde vore i Esjkol-dalen og sett på landet, gjorde dei israelittane motlause, så dei ikkje ville gå inn i det landet Herren hadde gjeve dei.

10. Den dagen flamma Herrens vreide opp, og han svor:

11. Ingen av dei mennene som drog opp frå Egypt, og som er tjue år eller meir, skal få sjå det landet som eg svor å gje til Abraham, Isak og Jakob, for dei har ikkje følgt meg trufast

4. Mosebok 32