43. den halvparten som forsamlinga fekk, var 337 500 småfe,
44. 36 000 storfe,
45. 30 500 esel
46. og 16 000 menneske.
47. Av den halvparten som fall på israelittane, tok Moses éin av femti, både av folk og av husdyr. Han gav dei til levittane, som tok seg av tenesta i Herrens bustad, slik Herren hadde pålagt Moses.
48. Så gjekk befalingsmennene over hæravdelingane fram for Moses, både tusenmannsførarane og hundremannsførarane.
49. Dei sa til han: «Tenarane dine har talt opp dei krigarane vi hadde hand om, og det vanta ikkje ein mann.