27. Til Kehat høyrde slekta til Amram-sønene, slekta til Jishar-sønene, slekta til Hebron-sønene og slekta til Ussiel-sønene. Det er slektene til Kehat-sønene.
28. Då alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, var talde, var det 8600 mann som skulle utføra oppgåvene ved heilagdomen.
29. Slektene til Kehat-sønene slo leir på sørsida av bustaden.
30. Leiaren for familien deira var Elisafan, son til Ussiel.
31. Dei hadde ansvaret for paktkista, bordet, lysestaken, altara, tinga som dei nytta ved tenesta i heilagdomen, og forhenget og alt arbeidet med dette.
32. Den øvste leiaren for levittane var Elasar, son til Aron, presten. Han hadde tilsyn med dei som gjorde teneste ved heilagdomen.
33. Til Merari høyrde Mahli-slekta og Musji-slekta. Det er Merari-slektene.
34. Talet på dei som vart mønstra, alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, var 6200.
35. Leiaren for farshuset til Merari-slektene var Suriel, son til Abihajil. Dei slo leir på nordsida av bustaden.
36. Merari-sønene hadde ansvar for å ta seg av plankane i bustaden, tverrstengene, stolpane og soklane, alle tinga der og alt arbeidet med dette,
37. dessutan stolpane kring føregarden med soklane, pluggane og snorene som høyrde til.
38. Moses og Aron og sønene hans slo leir framfor bustaden, framfor teltheilagdomen, mot soloppgangen i aust. Det var dei som utførte oppgåver for israelittane ved heilagdomen. Om ein uvigsla kjem nær, skal han døy.
39. Talet på levittane som Moses og Aron mønstra på Herrens ord, slekt for slekt, alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, var 22 000.