11. Så sa Herren til Moses:
12. Sjå, eg har teke ut levittane frå dei andre israelittane i staden for alle førstefødde i Israel, dei som opnar morslivet. Levittane skal høyra meg til.
13. For alle førstefødde høyrer meg til. Den dagen eg slo i hel alle dei førstefødde i Egypt, helga eg alle dei førstefødde i Israel, både menneske og dyr. Dei er mine. Eg er Herren.
14. Herren sa til Moses i Sinai-ørkenen:
15. «Du skal mønstra levittane, familie for familie og slekt for slekt. Alle av hannkjønn som er ein månad eller meir, skal du mønstra.»
16. Og Moses mønstra dei på Herrens ord, slik han var pålagd.
17. Dette er namna på sønene til Levi: Gersjon, Kehat og Merari.
18. Dette er namna på sønene til Gersjon og slektene deira: Libni og Sjimi,
19. og sønene til Kehat og slektene deira: Amram, Jishar, Hebron og Ussiel,
20. og sønene til Merari og slektene deira: Mahli og Musji. Dette er Levi-slektene og familiane deira.
21. Til Gersjon høyrde slektene til Libni og Sjimi. Det er slektene til Gersjon-sønene.
22. Dei som vart mønstra frå desse slektene, var 7500 i talet. Alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, vart mønstra.
23. Slektene til Gersjon-sønene slo leir bak bustaden, mot vest.
24. Leiaren for familien deira var Eljasaf, son til Lael.
25. Gersjon-sønene skulle ta seg av teltheilagdomen, sjølve bustaden og teltet, taket på det og forhenget framfor opninga til teltheilagdomen,
26. omhenget rundt føregarden som låg kring bustaden og altaret, forhenget framfor opninga inn til føregarden, snorene og alt arbeidet med dette.
27. Til Kehat høyrde slekta til Amram-sønene, slekta til Jishar-sønene, slekta til Hebron-sønene og slekta til Ussiel-sønene. Det er slektene til Kehat-sønene.
28. Då alle av hannkjønn som var ein månad eller meir, var talde, var det 8600 mann som skulle utføra oppgåvene ved heilagdomen.