4. Mosebok 27:2-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Dei stilte seg opp framfor Moses og presten Elasar og leiarane og heile forsamlinga ved opninga til teltheilagdomen og sa:

3. «Far vår døydde i ørkenen, men han var ikkje med i den forsamlinga som sette seg opp mot Herren, Korahs forsamling. Han døydde på grunn av si eiga synd. Og han hadde ingen søner.

4. Skal namnet til far vår gå ut av slekta fordi han ikkje hadde nokon son? Lat oss få eigedom saman med farbrørne våre!»

5. Moses la saka deira fram for Herren,

6. og Herren sa til han:

7. «Det er rett, det som døtrene til Selofhad seier. Gjev dei eigedom til arv saman med farbrørne deira, og lat farsarven gå over til dei!

8. Sei til israelittane: Når ein mann døyr sonelaus, skal de la arven etter han gå over til dottera.

9. Har han inga dotter heller, skal de gje arven til brørne hans.

10. Og har han ikkje brør, skal de la farbrørne hans få arven.

11. Men hadde ikkje far hans nokon bror, skal de gje arven etter han til den næraste slektningen hans. Då er den hans eigedom.» Dette skal vera lov og rett for israelittane, slik Herren påla Moses.

12. Herren sa til Moses: «Stig opp på Abarim-fjellet og sjå det landet eg har gjeve israelittane.

13. Når du har sett det, skal du òg bli sameina med folket ditt, slik som Aron, bror din, før deg.

14. For de sette dykk opp mot mitt ord i Sin-ørkenen den gongen forsamlinga gjorde opprør. Då skulle de ha helga meg for auga på dei ved hjelp av vatnet.» – Det er Meriba-kjelda ved Kadesj i Sin-ørkenen.

4. Mosebok 27