4. Mosebok 23:2-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Balak gjorde som Bileam sa, og dei ofra ein okse og ein vêr på kvart altar.

3. Så sa Bileam til Balak: «Still deg her attmed brennoffera dine medan eg går av stad. Kanskje Herren kjem til møtes med meg. Og det han lèt meg sjå, skal eg kunngjera deg.» Så gjekk han opp på ei snau høgd.

4. Gud kom til møtes med Bileam, og Bileam sa til han: «No har eg stelt til dei sju altara, og på kvart altar har eg ofra ein okse og ein vêr.»

5. Då la Herren ord i munnen på Bileam og sa: «Gå tilbake til Balak og sei det eg har sagt deg.»

6. Bileam gjekk tilbake og fekk sjå Balak stå bortmed brennoffera sine saman med alle Moabs hovdingar.

7. Då bar han fram sin visdomstale:Frå Aram vart eg henta av Balak,frå fjella i aust av Moabs konge:«Kom! Lys forbanning over Jakob for meg!Kom! Kall vreide ned over Israel!»

8. Kan eg forbanna densom Gud ikkje har forbanna?Kan eg kalla vreide nednår Herren ikkje er vreid?

9. Eg ser han frå toppen av berga,frå høgdene skodar eg han:Her er eit folk som bur for seg sjølv,det blir ikkje rekna blant andre folkeslag.

10. Kven kan telja Jakobs støvkorn,kven kjenner talet på Israels støvgrann?Gjev eg fekk døy slik den rettvise døyr,gjev livet mitt enda som hans!

11. Då sa Balak til Bileam: «Kva er det du gjer mot meg? Eg gav deg i oppdrag å forbanna fiendane mine, og sjå, no har du rikt velsigna dei!»

12. Bileam svara: «Skulle eg ikkje ta meg i vare og seia det Herren legg meg i munnen?»

4. Mosebok 23