4. Mosebok 23:12-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Bileam svara: «Skulle eg ikkje ta meg i vare og seia det Herren legg meg i munnen?»

13. Men Balak sa til han: «Kom og ver med meg til ein annan stad der du òg kan sjå folket. Men frå den staden kan du berre sjå utkanten av dei, og ikkje alle. Derifrå kan du forbanna dei for meg.»

14. Så tok han Bileam med seg til vakthaugen på toppen av Pisga-fjellet. Der bygde han sju altar, og på kvart altar ofra han ein okse og ein vêr.

15. Bileam sa til Balak: «Still deg her attmed brennoffera dine medan eg møter Gud der borte.»

16. Herren kom til møtes med Bileam og la ord i munnen hans. «Gå tilbake til Balak», sa han, «og sei det eg har sagt deg.»

17. Då Bileam kom att, såg han at Balak stod attmed brennoffera sine. Moabs hovdingar stod saman med han. Balak spurde: «Kva sa Herren?»

18. Då bar han fram sin visdomstale:Reis deg, Balak, og høyr!Legg øyret til, du son til Sippor!

19. Gud er ikkje ein mann, så han lyg,eit menneskebarn, så han skifter hug.Gjer han ikkje det han seier,held han ikkje det han lovar?

20. Eg fekk i oppdrag å velsigna.Velsignar han, kan ikkje eg gjera det om.

21. Det er ingen vondskap i sikte for Jakob,inga ulukke å sjå for Israel. Herren deira Gud er med dei,med jubelrop blir kongen hylla hos dei.

22. Gud, som førte dei ut av Egypt,har styrke som ein villokse.

23. For det er ingen som tek varsel i Jakob,det finst ikkje spådom i Israel.I rette tid blir det sagt til Jakob og Israelkva Gud har gjort.

24. Sjå, folket reiser seg som ei løvinne,som ei løve fer det opp!Det legg seg ikkje til rofør det har metta seg med rovog drukke blodet av dei det drap.

25. Då sa Balak til Bileam: «Du vil ikkje forbanna dei. Då skal du heller ikkje velsigna dei!»

26. Men Bileam svara: «Har eg ikkje sagt deg at eg må gjera alt det som Herren seier?»

27. Då sa Balak til Bileam: «Kom, så skal eg ta deg med til ein annan stad. Kanskje Gud synest det er rett at du forbannar folket for meg derifrå.»

4. Mosebok 23