4. Mosebok 22:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Israel braut opp. Så slo dei leir på slettene i Moab, på den andre sida av Jordan, midt imot Jeriko.

2. Balak, son til Sippor, såg alt det Israel hadde gjort med amorittane,

3. og i Moab steig redsla for dette folket som var så talrikt. Dei var redde for å møta Israel.

4. Moab sa til dei eldste i Midjan: «No kjem denne bølingen til å beita ned alt omkring oss her, akkurat som når oksane beiter graset snautt ute på markene.»På den tid var Balak, son til Sippor, konge i Moab.

5. Han sende bodberarar til Bileam, son til Beor, i Petor, som ligg ved elva i det landet der folket hans budde. Dei skulle be han koma, og seia: «Sjå, eit folk har drege ut frå Egypt. Dei dekkjer landet så langt auga rekk, og dei har slege seg ned beint framfor meg.

4. Mosebok 22