22. Så braut dei opp frå Kadesj, og heile Israels forsamling kom til Hor-fjellet.
23. Herren tala til Moses og Aron på Hor-fjellet, ved grensa mot Edom-landet. Han sa:
24. «No skal Aron bli sameina med folket sitt. Han får ikkje koma inn i det landet eg har gjeve israelittane, for de sette dykk opp mot det eg sa ved Meriba-kjelda.
25. Ta Aron og Elasar, son hans, og før dei opp på Hor-fjellet.
26. Ta prestekleda av Aron og kle dei på Elasar, son hans! For der skal Aron bli sameina med folket sitt og døy.»