4. Mosebok 20:10-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Han og Aron kalla forsamlinga saman framfor berget og sa til dei: «Høyr no, de opprørarar! Trur de at vi kan få vatn til å strøyma ut til dykk frå dette berget?»

11. Så lyfte Moses handa og slo to gonger på berget med staven sin. Då fossa vatnet fram, og både folket og buskapen deira drakk.

12. Men Herren sa til Moses og Aron: «De trudde ikkje på meg og helga meg ikkje for auga på israelittane. Difor skal de ikkje få føra denne forsamlinga inn i det landet eg har gjeve dei.»

13. Dette var Meriba-kjelda, der israelittane tretta med Herren, og der han viste at han er heilag.

4. Mosebok 20