4. Mosebok 19:11-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Den som rører ved liket av eit menneske, skal vera urein i sju dagar.

12. Han skal reinsa seg på den tredje og den sjuande dagen, så han blir rein. Reinsar han seg ikkje den tredje og den sjuande dagen, blir han ikkje rein.

13. Kvar den som rører ved eit lik, eit dødt menneske, og ikkje reinsar seg for synd, gjer Herrens bustad urein og skal ryddast ut av Israel. Sidan det ikkje er stenka reinsingsvatn på han, er han urein. Ureinskapen heng framleis ved han.

14. Dette seier lova: Når eit menneske døyr i eit telt, skal alle som kjem inn i teltet, og alle som er i det, vera ureine i sju dagar.

4. Mosebok 19