4. Mosebok 19:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses og Aron:

2. Dette er eit lovbod som Herren har gjeve: Sei til israelittane at dei skal koma til deg med ei raud kvige som er utan feil, ei som ikkje har hatt åk på seg.

3. Den skal de gje til presten Elasar. Så skal ho førast utanfor leiren og slaktast medan han ser på.

4. Presten Elasar skal ta noko av blodet hennar på fingeren og skvetta det sju gonger mot framsida av teltheilagdomen.

5. Så skal kviga brennast medan han ser på. Både huda, kjøtet, blodet og mageinnhaldet skal brennast.

6. Presten skal ta sedertre, isop og karmosinraud ull og kasta det på elden der kviga blir brend.

7. Sidan skal han vaska kleda sine og bada kroppen i vatn, og så kan han koma inn i leiren. Men han skal vera urein heilt til kvelds.

4. Mosebok 19