4. Mosebok 18:2-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Brørne dine, Levi-stammen, stammen til far din, skal du òg ta med deg. Dei skal vera knytte til deg og hjelpa deg når du og sønene dine står framfor teltet med vitnemålet.

3. Dei skal gjera teneste for deg og vakta heile teltet. Men dei må ikkje koma nær det heilage utstyret eller altaret. For då skal de døy, både de og dei.

4. Dei skal vera knytte til deg og halda vakt over teltheilagdomen og alt arbeidet i teltet. Ingen framand må koma dykk nær.

5. De skal halda vakt ved heilagdomen og ved altaret, slik at vreide ikkje skal koma over israelittane.

6. Sjå, det er eg som tek ut brørne dykkar, levittane, frå dei andre israelittane. Dei er ei gåve til dykk og overgjevne til Herren for å gjera arbeid i teltheilagdomen.

7. Du og sønene dine skal ta dykk av prestetenesta. Alt som skal gjerast ved altaret og innanfor forhenget, skal de gjera. Eg gjev dykk prestetenesta i gåve. Men ein framand som gjer tenesta, skal døy.

8. Herren sa til Aron: Sjå, eg gjev deg ansvaret for alle offergåvene eg får. Alle dei heilage gåvene frå israelittane gjev eg deg og sønene dine som dykkar del. Dette skal vera ei evig forskrift.

9. Av alle dei høgheilage offera som blir tekne ut av elden, skal dette høyra deg til: Alle deira offer, alle grødeoffera, syndoffera og skuldoffera, det dei ber fram for meg som høgheilage offer, alt dette skal høyra deg og sønene dine til.

4. Mosebok 18