5. Der skal staven til den mannen eg vel ut, setja friske skot. Så blir eg kvitt all klaginga frå israelittane.
6. Moses tala til israelittane. Og alle leiarane for stammane gav han kvar sin stav, ein stav for kvar stamme, tolv stavar i alt. Mellom dei var staven til Aron.
7. Moses la stavane ned for Herrens andlet i teltet med vitnemålet.
8. Det vart morgon neste dag. Då kom Moses inn i vitnemålsteltet, og sjå, Arons stav, staven for Levis hus, hadde sett friske skot. Han hadde fått knoppar, blømde og bar mandlar.
9. Moses bar alle stavane bort frå Herrens andlet og ut til israelittane. Dei såg på dei, og alle tok kvar sin stav.