4. Mosebok 16:10-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Han har late deg og alle brørne dine, levittane, koma nær til seg. Og no vil de ha prestetenesta òg!

11. I sanning, det er mot Herren du og heile forsamlinga di har slege dykk saman. Men Aron, kva er han, sidan de klagar over han?»

12. Moses sende bod etter Datan og Abiram, sønene til Eliab. Men dei sa: «Vi kjem ikkje opp til deg!

13. Er det ikkje nok at du har ført oss opp frå eit land som fløymer med mjølk og honning, så vi skulle døy i ørkenen? Skal du halda fram med å styra og regjera over oss?

14. Du har sanneleg ikkje ført oss til noko land som fløymer med mjølk og honning, eller gjeve oss åkrar og vinmarker til eige. Har du tenkt å stikka ut auga på desse menneska? Vi kjem ikkje opp til deg.»

15. Då flamma vreiden opp i Moses. Han sa til Herren: «Ta ikkje imot offergåvene deira! Ikkje så mykje som eit esel har eg teke frå dei, og ingen av dei har eg gjort noko vondt.»

16. Så sa Moses til Korah: «I morgon skal du og heile forsamlinga di stiga fram for Herren saman med Aron.

17. De skal ta kvar si glopanne og leggja røykjelse på dei. Kvar mann skal bera si eiga glopanne fram for Herren, to hundre og femti glopanner. Du og Aron skal òg ta kvar si glopanne.»

18. Så tok kvar mann si glopanne, hadde glødande kol i dei og la røykjelse på. Så stilte dei seg i opninga til teltheilagdomen saman med Moses og Aron.

19. Korah samla heile forsamlinga mot dei ved opninga til teltheilagdomen.Då synte Herrens herlegdom seg for heile forsamlinga.

20. Herren sa til Moses og Aron:

21. «Skil dykk ut frå denne forsamlinga, så skal eg fortæra dei på ein augneblink!»

22. Då kasta dei seg ned med andletet mot jorda og sa: «Gud, Gud over livsanden i alt som er av kjøt og blod! Blir du harm på heile forsamlinga fordi éin mann syndar?»

23. Herren sa til Moses:

24. «Tal til forsamlinga og sei: Hald dykk borte frå plassen omkring bustaden til Korah, Datan og Abiram!»

4. Mosebok 16