4. Mosebok 16:1-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Korah, son til Jishar, som var son til Kehat, son til Levi, saman med Datan og Abiram, sønene til Eliab, og On, son til Pelet, Rubens son,

2. gjorde opprør mot Moses. Dei fekk med seg to hundre og femti israelittar som var leiarar i forsamlinga, menn som var peika ut i forsamlinga, og som hadde eit godt namn.

3. No samla dei seg mot Moses og Aron og sa til dei: «No går de for langt! Heile forsamlinga, alle saman, er heilage, og Herren er midt iblant dei. Kvifor vil de då setja dykk over Herrens forsamling?»

4. Då Moses høyrde dette, kasta han seg ned med andletet mot jorda.

5. Så sa han til Korah og heile forsamlinga hans: «I morgon vil Herren visa kven som er heilag og høyrer han til, så han kan koma han nær. Den som Herren vel ut, får koma han nær.

6. Slik skal de gjera: Korah og heile forsamlinga hans, ta dykk glopanner,

7. ha gloande kol i dei og legg røykjelse oppå for Herrens andlet i morgon. Den mannen som Herren då vel ut, han skal vera heilag. Det er de som går for langt, de Levi-søner!»

8. Så sa Moses til Korah: «Høyr no her, levittar!

9. Er det ikkje nok for dykk at Israels Gud har skilt dykk ut frå forsamlinga for å føra dykk nær til seg, så de får gjera teneste i Herrens bustad og stå framfor forsamlinga og tena henne?

10. Han har late deg og alle brørne dine, levittane, koma nær til seg. Og no vil de ha prestetenesta òg!

11. I sanning, det er mot Herren du og heile forsamlinga di har slege dykk saman. Men Aron, kva er han, sidan de klagar over han?»

12. Moses sende bod etter Datan og Abiram, sønene til Eliab. Men dei sa: «Vi kjem ikkje opp til deg!

13. Er det ikkje nok at du har ført oss opp frå eit land som fløymer med mjølk og honning, så vi skulle døy i ørkenen? Skal du halda fram med å styra og regjera over oss?

14. Du har sanneleg ikkje ført oss til noko land som fløymer med mjølk og honning, eller gjeve oss åkrar og vinmarker til eige. Har du tenkt å stikka ut auga på desse menneska? Vi kjem ikkje opp til deg.»

15. Då flamma vreiden opp i Moses. Han sa til Herren: «Ta ikkje imot offergåvene deira! Ikkje så mykje som eit esel har eg teke frå dei, og ingen av dei har eg gjort noko vondt.»

16. Så sa Moses til Korah: «I morgon skal du og heile forsamlinga di stiga fram for Herren saman med Aron.

17. De skal ta kvar si glopanne og leggja røykjelse på dei. Kvar mann skal bera si eiga glopanne fram for Herren, to hundre og femti glopanner. Du og Aron skal òg ta kvar si glopanne.»

4. Mosebok 16