4. Mosebok 15:30-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

30. Men den som med lyft hand spottar Herren, skal støytast ut frå folket sitt, anten han er fødd i landet eller er innflyttar.

31. For han har vist forakt for Herrens ord og brote hans bod. Det mennesket skal støytast ut; det må bera straffa for brotet sitt.

32. Medan israelittane var i ørkenen, kom dei over ein mann som sanka ved på sabbatsdagen.

33. Dei som fann han medan han sanka ved, førte han fram for Moses og Aron og heile forsamlinga.

34. Han vart sett i varetekt, for det var ikkje klårt kva som skulle gjerast med han.

35. Då sa Herren til Moses: «Mannen må døy. Heile forsamlinga skal steina han utanfor leiren.»

36. Så førte heile forsamlinga han utanfor leiren og steina han til han døydde, slik Herren hadde pålagt Moses.

37. Herren sa til Moses:

38. Tal til israelittane og sei til dei at dei gjennom alle slekter skal laga seg duskar på kappeflikane sine, og i kvar dusk skal dei setja ei snor av fiolett purpur.

39. Slike duskar skal de ha. Kvar gong de ser på dei, skal de koma alle Herrens bod i hug, så de lever etter dei. De må ikkje følgja dykkar eigne hjarte og dykkar eigne auge, dei som lokkar dykk til å driva hor.

40. Såleis skal de minnast alle boda mine og leva etter dei. De skal vera heilage for dykkar Gud.

4. Mosebok 15