4. Mosebok 14:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då braut forsamlinga ut i høge rop, og folket gret den natta.

2. Alle israelittane klaga til Moses og Aron. Heile forsamlinga ropa til dei: «Berre vi hadde fått døy i Egypt eller her i ørkenen. Berre vi hadde fått døy!

3. Kvifor fører Herren oss til dette landet så vi må falla for sverd og kvinnene og småborna våre bli krigsbytte? Var det ikkje betre for oss å venda attende til Egypt?»

4. Og dei sa til kvarandre: «Vi vel ein leiar og vender attende til Egypt!»

5. Då kasta Moses og Aron seg ned med andletet mot jorda framfor heile Israels forsamling.

6. Josva, son til Nun, og Kaleb, son til Jefunne, som hadde vore med og utforska landet, reiv sund kleda sine

7. og sa til heile forsamlinga av israelittar: «Det landet vi drog igjennom og utforska, er eit svært godt og innbydande land.

4. Mosebok 14